Brukervilkår
Vilkår for bruk av hallen
Kjøpar av badeabonnement og enkeltbillett til symjehallen, der badinga er tenkt utanfor organisert aktivitet og utan tilsyn av badevakter, forstår at all bading og aktivitet i bassenget føregår på eige ansvar. BVFH fråseier seg alt ansvar for eventuell ulykke eller skade som måtte skje under aktiviteten, då denne skjer utanfor organisert aktivitet.
Dette betyr at alle som bruker hallen utanfor organisert aktivitet, sjølv er ansvarlig for all eigensikkerheit under bruk av den.
- Signer sikkerhetserklæringa som er plassert utanfor badevaktboda i inngangspartiet før du går i bassenget
- Det skal vere minimum 2 symjedyktige personar i symjehallen.
- Born under 16 år skal alltid ha følge med ein symjedyktig person over 18 år.
- Alle skal utføre kropp- og hårvask med såpe utan badeklede FØR entring av bassenget.
Om du skal bruke treningsstudioet:
- Desinfiser og tørk av utstyr etter bruk
- Bruk innesko og skift fottøy i første etasje
Ver oppmerksom på at hallen er ei alkoholfri sone.
Bildetaking og filming er ikke tillete i garderoben eller bassengområdet.
Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall (BVFH)
1. Generelt
Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall, org.nr. 928 032 302, ivaretek personvernet ditt. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi handterer personopplysningane dine når du vitjar nettsidene våre eller registrerer ein konto via nokre av nettsidene våre. Vi kan gjere endringar i personvernerklæringa for å gjenspegla endringar i verksemda vår, på nettsidene eller i tenestene våre, eller ved endringar i gjeldande lovverk. Den siste versjonen av personvernerklæringa vil alltid liggja tilgjengeleg her på nettstaden.
2. Behandling og rettar
Du kan når som helst trekkja tilbake eller be om innsyn i personopplysningane dine. Berre personar med nødvendige arbeidsoppgåver vil ha tilgang til opplysningar som trengst for å handtera avtalar og førespurnader.
3. Kven er ansvarleg for personopplysningane vi samlar inn?
Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall er ansvarleg for å sikra at personopplysningane dine blir behandla i samsvar med lover og reglar. Vi set i verk tekniske, juridiske og organisatoriske tryggingstiltak for å verna opplysningane dine mot manipulering, tap, øydelegging eller uautorisert tilgang.
4. Korleis samlar vi inn personopplysningar?
For å kunna tilby deg eit komplett tilbod vil vi be om:
- Telefonnummer
- E‑postadresse
- Adresse
- Namn
- Fødselsdato
Vi samlar inn persondata gjennom Vipps eller Stripe og gjennom innskriving av brukaropplysningar. Denne informasjonen blir ikkje delt med andre og blir berre brukt til nødvendige formål knytt til administrasjon, støtte og gjennomføring av avtalar mellom brukarstaden og kunden.
Vipps sine vilkår kan lesast her: vilkar-privat/Salgsvilkår.
Vilkår for medlemskap: https://www.vipps.no/vilkar/vilkar-privat/salgsvilkår
5. Vilkår for kjøp
Abonnement og medlemskap
Seljar er Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall, Hellersøyvegen 32, 6987 Bulandet, fleirbrukshallen@gmail.com, organisasjonsnummer 928 032 302, og blir i det følgjande omtala som seljar/seljaren.
Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og blir i det følgjande omtala som kjøpar/kjøparen.
Medlemskapet ditt gir tilgang til fasilitetane og tenestene til Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall. Du får tilgang frå kjøpstidspunktet. Abonnementet har inga bindingstid og kan når som helst avsluttast ved å kontakta Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall på fleirbrukshallen@gmail.com eller ved å stoppa abonnementet i Vipps under administrer abonnement. Etter belastning får du tilgang til heile månaden, uavhengig av når i månaden du avsluttar.
Du har 14 dagars angrerett og kan kontakta oss på fleirbrukshallen@gmail.com for refusjon dersom du ikkje er nøgd. Dersom du ikkje klarer å avslutta abonnementet sjølv, kan du kontakta oss på fleirbrukhallen@gmail.com for ei umiddelbar kansellering.
Booking
Ved booking får du tilgang til lokasjon eller aktivitet frå bookingtidspunktet. Ved kansellering tett opp mot bookingtidspunktet blir ikkje bookinga automatisk refundert. Betaling skjer når bookinga blir gjennomført, og tenesta blir rekna som levert når besøket startar. Du kan be om refusjon eller justering dersom du har gjort ei feilbooking, så lenge dette skjer i god tid før besøket skulle starte.
Klager skal rettast til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøka å løysa eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen kontakta Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.
Betaling og tryggleik
Vi ønskjer at det skal vere enkelt og trygt å handle hos oss. Difor tilbyr vi betaling gjennom våre partnarar Adyen og Vipps.
- Betalingsmetodar: Du kan velje å betale med vanlege betalingskort (som Visa og Mastercard) via Adyen, eller bruke den mobilbaserte løysinga frå Vipps.
- Sikker behandling: All betalingsinformasjon blir handtert i kryptert form. Kortdetaljane dine blir ikkje lagra av oss, men blir behandla direkte av betalingsleverandørane i samsvar med internasjonale tryggleiksstandardar (PCI DSS).
- Gjennomføring av kjøp: Betalinga blir belasta kontoen din når transaksjonen er godkjent av Adyen eller Vipps. Ved bruk av Vipps må du stadfeste betalinga i appen på vanleg måte.
- Identifisering på kontoutskrift: På bankutskrifta di vil transaksjonen normalt stå oppført som «Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall», men det kan i enkelte tilfelle også stå oppført «Adyen» eller «Vipps» som teknisk avsendar.
- Personvern: For å kunne gjennomføre betalinga og førebyggje svindel, blir nødvendige opplysningar delte med våre betalingspartnarar. Du finn meir informasjon om dette i personvernerklæringa til Adyen og vilkåra til Vipps.