Vi tilbyr fasilitetar for alle aldre

Symjehallen


Hallen har eit basseng på 12m x 8.5m, der vatnet held ein temperatur på 28 grader.  Bassenget er bygd i materialet Sandwich og er det einaste av sitt slag. I tilknyting til bassenget ligg Tropicana. Dette er eit rom for velvære og avslapping som fint let seg kombinere med bruk av bassenget. Tropicana gjer ein følelse av sommar og sol sjølv på grå og regnfulle dagar.

Treningsrom


Her i vårt treningsrom, på 150 m2, har du muligheit til å trene både styrke og uthaldenheit. Vi tilbyr bl.a. følgande av utstyr:
Spinningsyklar, Romaskin, Tredemølle, Lette og tunge manualar, Kettlebells, Smith-maskin og Benkpress

Buldrevegg


Buldreveggen vår er bygd for både nybyrjarar og erfarne klatrarar. Her kan du utfordre deg sjølv på varierte ruter i trygge omgjevnader. Veggen passar perfekt for trening, sosiale samlingar eller ein aktiv pause i kvardagen.

Konferanserom


Konferanserommet vårt eignar seg godt til møte, kurs og samlingar. Her får de eit roleg og funksjonelt rom som legg til rette for gode samtalar og effektivt samarbeid.

Medlemskap

Ynskjer du medlemskap?


Med medlemskap hos oss får du rabatterte priser på booking av de ulike tilboda.